Arkiv / Morgenbladet

Pressehistorisk Tidsskrift 17 2012

25. mars, 2012

Vesentlege endringar i medieverda har vore varsla av små teikn. Dei dukkar sjeldan opp følgde av fanfarar og mykje oppmerksomheit. Men sommarens store mediedebatt handlar om eit endringsvarsel som ikkje har komme stille inn på arenaen: Schibsted Norges rapport «Redaksjonell Posisjonering 2015», populært kalla RP15.

Ikkje slik å forstå at rapporten har rukke å bli populær anna enn blant dei konsernleiarane og redaktørane som har initiert og laga han. RP15 skal staka ut kursen for regionavisene Aftenposten, Bergens Tidende, Fædrelandsvennen og Stavanger Aftenblad i det uoversiktlege farvatnet fram til 2015. Opplaga søkk, konjunkturane er usikre. Schibsted Norge går med store overskot, men eigarane krev avkasting og konsernet jaktar på innsparing og nye inntektskjelder. Derfor kjem RP15 med sine kontroversielle innspel.

Meir sponsing for å finansiera journalistikk i regionavisene, er eitt av dei mest oppsiktsvekkjande punkta som RP15 foreslår blir drøfta. Modellen i framlegget kan vera den VG har følgt under EM i fotball og NRK følgjer under store satsingar som til dømes EuroSong-finalane. Redaktør Lars Helle i Aftenbladet og VG-redaktør Torry Pedersen samanliknar denne sponsinga med dei avisannonsane vi er vane med. Medan generalsekretær i Norsk Presseforbund Per Edgar Kokkvold har uttalt seg kritisk til VGs EM-finansiering på prinsipielt grunnlag.

I dette nummeret

  • Fra Bly til Gull
    Gudleiv Forr
  • Engebret-bevegelsen
    Maria Utheim
  • En norsk pressemanns historie
    Peter Larsen
  • Historien om Morgenbladet
    Frank Bjerkholt
  • Litt morgenbladiana
    Håkon Gundersen
  • Presseveteranen Ole Moe
    Intervju ved Oddvar Aasen

Back to top